23948sdkhjf

Trafikksikring på Vestlandet: Fire entreprenører med tilbud

Statens vegvesen gjør nå en rekke tiltak langs riksveiene i Bergen, Voss og Ullensvang.

Vi har sakset følgende fra vegvesenets pressemelding:

Kontrakten er på to år, med gjensidig opsjon på eitt pluss eitt år.

Det er sett opp ei rekkje prosjekt som skal gjerast i år. Tiltaka i 2022, 2023 og eventuelt 2024 vert gjort kjende etter kvart, når nye vedlikehaldsmidler vert utdelte.

Det som skal gjerast i år er:

Bergen:

  • Bergsikring i fjellskjæring ved E39 på Fritz Riebers veg i Bergen

Voss:

  • Diverse TS-tiltak på E16 ved Vossestrand barne- og ungdomsskule. Dette kan til dømes vera snakk om betre snuplass og betre tilhøve for av- og påstigning for buss.
  • Brynavollen mur langs riksveg 13 på Voss skal skiftast ut.

Ullensvang:

  • Jordnagling langs mur på Riksveg 13 i Tyssedal
  • Utbetra synkehol/asfalt på delar av Riksveg 13 i Oddadalen
  • Bygga opp att museal mur på E134 gamlevegen over Røldalsfjellet
  • Renska kulvert/stikkrenner ved Mjølkestølsreet rasoverbygg på E134 Røldal
  • Det kan også bli aktuelt med diverse tiltak på Riksveg 13 Kyrkjeneset – Bjotveit.

Fire entreprenørar har levert tilbod på prosjektet. Summane er eksklusive mva.

  • Brødrene Flatebø AS:  36.9 millioner kroner
  • Mesta AS:  37 millioner kroner
  • Tverberg Entreprenør AS 37.7 millioner kroner
  • Hirth Himle Entreprenør AS 42.6 millioner kroner

– No skal vi kvalitetssikra og kontrollrekna på tilboda, og tek sikte på å underteikna kontrakt med entreprenøren snarast mogleg, seier prosjektleiar Frode Lykkebø i Statens vegvesen.

Kilde: Statens vegvesen

Kommenter artikkelen
Tips redaksjonen
Anbefalte artikler

Send til en kollega

0.125