23948sdkhjf

Tre leverandørar meldte interesse på støykontrakt

Rv. 555 Sotrasambandet: Tre leverandørar er kvalifisert til å levere tilbod på lokale støytiltak.

Statens vegvesen har kvalifisert alle dei tre leverandørane som meldte interesse på støykontrakten med verdi på 250 millionar kroner. Dei tre leverandørane har tida fram til 12. februar på seg for å levere tilbod.

Leverandørane som er kvalifiserte er:

  • Åsane Byggmesterforretning AS
  • Bergan bygg AS
  • TH BHAS BYGG

Kontrakten dei konkurrerer om er utforma som ei fireårig rammeavtale med opsjon på forlenging. Etter tilbodsfristen 12. februar startar forhandlingar, før kontrakt vert tildelt i april. Inntil tre leverandørar kan tildelast kontrakten, og dei vil deretter konkurrere på oppdrag gjennom eigne avrop innanfor rammeavtala.

Signering i april 2021

Byggeleiar i Statens vegvesen Birger Ræmisch Matthiessen seier dei er godt i rute for signering i april neste år.

- Kvalifiseringa gjekk veldig bra, og vi er glade for å ha med oss alle dei tre interesserte leverandørane vidare til tilbodslevering i februar, med etterfølgjande forhandlingar.

Matthiessen satsar på kontraktsignering til våren, og at arbeidet kjem i gong raskast mogleg.

- Planen vår er å tildele kontrakten i løpet av april 2021, og dei første arbeida kan setje i gang i løpet av sommaren. Kontraktsmodellen som er vald gjer arbeidet føreseieleg for Statens vegvesen i gjennomføringa. Samstundes er vi sikra konkurranse på kvalitet og pris gjennom avrop på rammeavtala.

Om støytiltaka

Det skal gjerast støytiltak på i underkant av 300 bustader på strekninga frå Loddefjord i Bergen vest til Kolltveit i Øygarden. Bustadene som har fått innvilga støytiltak ligg langs traseen til ny riksveg 555.

Arbeidet med støytiltak vert starta opp før signering av OPS-kontrakten for nytt Sotrasamband. Det er mange bustader som skal ha støytiltak og arbeidet vil difor òg gå parallelt med gjennomføringa av OPS-kontrakten, som etter planen har oppstart hausten 2021.

Kilde: Statens vegvesen

Kommenter artikkelen
Tips redaksjonen
Anbefalte artikler

Send til en kollega

0.097